Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA/EBA/EIOPA: Tekniske standardar for innsamling av data og funksjonalitet for European Single Access Point

Høyring frå ESMA/EBA/EIOPA: Tekniske standardar for innsamling av data og funksjonalitet for European Single Access Point

Høringer

Publisert: 10. januar 2024

Dei europeiske tilsynsmyndigheitene ESMA, EBA og EIOPA publiserte 8. januar ei høyring om tekniske standardar for datainnsamling og oppgåvene til innsamlingseiningane (collection bodies) for å oppfylle den vedtekne European Single Access Point-reguleringa (ESAP). Høyringsfristen er 8. mars 2024.

ESAP er ein viktig milepæl i EUs plan om å oppfylle Capital Markets Union. Formålet med ESAP er å tilgjengeleggjere all offentleg informasjon som er relevant for finansielle tenester, kapitalmarknader og berekraft på ein og same stad. ESAP medfører ikkje nye rapporteringskrav, men standardiserer og set nye krav til innsamlarar av eksisterande pliktig rapportering som stammar frå ei rekkje eksisterande direktiv og forordningar. Dette skal gjere at informasjonen blir meir tilgjengeleg for publikum og ein enklare kan samanlikne selskap over heile Europa som hjelp til investeringsavgjerder.

ESAP er forventa å vere i drift frå 2026 og vil begynne å publisere informasjon frå juli 2027 eller tidligare.

Les meir om høyringa på ESMAs eigen nettstad:

  • ESAs consult on draft implementing technical standards specifying certain tasks of collection bodies and certain functionalities of the European Single Access Point
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less