Høyring frå ESMA: Tekniske standardar til MiFID II om retningslinjene for ordreutføring
Høringer
Publisert: 29. august 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmakta (ESMA) har publisert ei høyring om tekniske standardar som presiserer kriteria som skal takast i betraktning ved fastsetjinga og vurderinga av om retningslinjene for ordreutføring fungerer som tiltenkt. Høyringsfristen er 16. oktober 2024.
EU-kommisjonen foreslo i 2021 endringar i direktiv 2014/65/EU (MiFID II). Endringane tredde i kraft i EU 28. mars 2024. I samsvar med artikkel 1(4)(e) i endringsdirektivet til MiFID II, er ESMA pålagd å utvikle ein regulatorisk teknisk standard (RTS) som presiserer kriteria som skal takast i betraktning ved fastsetjinga og vurderinga av om retningslinjene for ordreutføring fungerer som tiltenkt. ESMA konsulterer no om utforminga av desse tekniske standardane, som skal sendast til Europakommisjonen innan 29. desember 2024.
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. Det minnest om at det som hovudregel ikkje vil gjennomførast ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfristen er 16. oktober 2024.
Meir informasjon om høyringa: