Høyring frå ESMA: Nye og endra kommisjonsforordningar under MiFIR
Høringer
Publisert: 31. mai 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt forslag til nye og endra kommisjonsforordningar som utfyller MiFIR på høyring. Høyringsfristen er 28. august 2024.
Endringar i verdipapirmarknadsdirektivet (MiFID II) og verdipapirmarknadsforordninga (MiFIR) blei sluttførte ved Rådet sitt vedtak 20. februar 2024. Formålet med reglane er å forbetre likviditeten i marknaden og dermed lette selskap sin tilgang til finansiering frå kapitalmarknadene. Endringane tredde i kraft i EU 28. mars 2024. Det er per i dag ikkje klart når reglane vil tre i kraft i Noreg.
Endringane omfattar mellom anna vesentlege endringar i gjennomsiktigheit før og etter handelen for handelsplassar og systematiske internaliserarar (SI-ar), krav til finansielle instrument sine referansedata og meir detaljerte reglar for krava til marknadsdata som handelsplassar, godkjende offentleggjeringsordningar, CTP-ar og SI-ar forplikta til å publisere på "reasonable commercial basis".
ESMA har no utarbeidd forslag til endring av to kommisjonsforordningar og forslag til ei ny kommisjonsforordning som utfyller desse reglane. Dette gjeld endringar i kommisjonsforordninga om gjennomsiktigheit for obligasjonar, strukturerte produkt og utsleppsløyve (RTS 2), endringar i kommisjonsforordninga om referansedata (RTS 23) og forslag til ny kommisjonsforordning om "reasonable commercial basis".
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på i desse forslaga. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 28. august 2024.
Les meir:
Les også: