Høyring frå ESMA: Moglege endringar i utfyllande reglar til verdipapiriseringsforordninga om offentleggjering
Høringer
Publisert: 15. januar 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert ei høyring om moglege endringar i utfyllande reglar om skjema som skal nyttast for offentleggjering av verdipapiriseringar. Høyringsfristen er 15. mars 2024.
EUs verdipapiriseringsforordning (forordning 2017/2402) introduserer enkel, transparent og standardisert europeisk verdipapirisering (såkalla STS - simple, transparent and standardised). Nye lovreglar som gjennomfører verdipapiriseringsforordninga i Noreg er foreslått gjennomført i finansføretakslova (LOV-2021-04-23-22) §§ 11-16 til 11-20. Lovendringane er godkjende av Stortinget, men er ikkje tredd i kraft, grunna at forordninga ikkje er tatt inn i EØS-avtalen. EØS/EFTA-landa sitt utkast til EØS-komitéavgjerd blei oversendt til EU-kommisjonen 13. desember 2023.
Det følger av artikkel 7 i verdipapiriseringsforordninga at verdipapiriserar og spesialføretaket skal gjere informasjon om verdipapiriseringa tilgjengeleg for investorar i obligasjonane, tilsynsmyndigheiter og – på førespurnad – angi potensielle investorar. Forordning (EU) 2020/1224 og 2020/1225 er utfyllande reglar til verdipapiriseringsforordninga, og angir skjema som skal nyttast når aktørane i ei verdipapirisering skal gi opplysningar om verdipapiriseringar. Det følgjer av § 11-16 andre ledd bokstav b i lov om endringar i finansføretakslova at departementet i forskrift kan fastsette nærmare reglar om transparenskrav. Når forordningane er tatte inn i EØS-avtalen, vil dei bli gjennomførte i norsk rett ved innlemming i forskrift.
Høyringa frå ESMA omhandlar moglege endringar i dei utfyllande reglane om offentleggjering. Bakgrunnen for dei moglege endringane er ein rapport datert 10. oktober 2022 frå EU-kommisjonen til EU-rådet og EU-parlamentet om verkemåten til verdipapiriseringsforordninga.
Når reglane blir tatte inn i EØS-avtalen, er det grunn til å tru at dei vil bli gjennomførte i norsk rett ved innlemming i forskrift. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 15. mars 2024.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på ESMAs nettstad:
EU-kommisjonens rapport om virkemåten til verdipapiriseringsforordninga:
Sjå meir informasjon om norsk lovforslag og status for innlemming i EØS-avtalen:
- Løyve om endringar i finansføretakslova osb. (verdipapirisering og kreditorhierarki)
- Status for prosessen med innlemming av verdipapiriseringsforordninga i EØS-avtalen
Sjå meir informasjon om eksisterande forordningar på europalov.no: