Høyring frå ESMA: Endringar i nivå 2-regelverket til MiFID II
Høringer
Publisert: 6. juni 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert ei høyring om endringar i tekniske standardar for varederivat. Høyringsfristen er 23. august 2024.
EU vedtok 8. mars 2024 endringar i MiFIR og MiFID II, og endringane tredde i kraft 28. mars 2024. ESMA har fått i rolle å utarbeide høyringar om nye nivå 2-regelverk dei neste 6 til 18 månadene. Det dokumentet som no er på høyring handlar om endringar i tekniske standardar for varederivat.
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 23. august 2024.
Les meir på ESMAs nettsider: