Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EIOPA: Gjennomføring av nytt rammeverk for forholdsmessigheit under Solvens II

Høyring frå EIOPA: Gjennomføring av nytt rammeverk for forholdsmessigheit under Solvens II

Høringer

Publisert: 22. august 2024

Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) publiserte 2. august 2024 ei høyring der dei ber om innspel til gjennomføringa av eit nytt rammeverk for forholdsmessigheit under Solvens II. Høyringsfristen er 25. oktober 2024.

I dei kommande endringane i Solvens II-regelverket vil det bli fastsett ein metode for klassifisering av små og ikkje-komplekse forsikringsføretak som kan nytte enkelte tiltak for forholdsmessigheit som inneber lettingar i krava, samanlikna med det som gjeld for øvrige føretak. EIOPA har vurdert om metoden for klassifisering er hensiktsmessig. EIOPA har òg utarbeidd forslag til vilkår som skal nyttast i vurderingar av om ulike tiltak for forholdsmessigheit òg kan nyttast av føretak som ikkje er klassifiserte som små og ikkje-komplekse.

Det er venta at reglane vil bli innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett ved inkorporasjon i Solvens II-forskrifta. Det vil ikkje bli gjennomført ei ny høyring når endringane blir tekne inn i norsk rett.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Høyringsfristen er 25. oktober 2024.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EIOPA:

  • Consultation on the implementation of the new proportionality framework under Solvency II
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less