Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EIOPA: Endring av nivå 2-regelverk for Solvens II

Høyring frå EIOPA: Endring av nivå 2-regelverk for Solvens II

Høringer

Publisert: 16. oktober 2024

Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmakta (EIOPA) publiserte 1. oktober 2024 fem separate høyringar som omhandlar forslag til nye tekniske standardar rundt kommande endring av Solvens II-direktivet.

Forslaga frå EIOPA på endra regelverk omfattar følgjande område:

  1. Føretaksplanen på styring og kontroll av likviditetsrisiko
  2. Kriterium for identifisering av eksepsjonelle sjokk som vil omfatte sektoren
  3. Føretak som er gjenstand for dominerande/stor innverknad eller blir leidd på eit einskapleg grunnlag.
  4. Forenkla verdifastsetjing av beste estimat på livstrygdingsforpliktingar
  5. Relevante forhold ved grensekryssande verksemd rundt forsikrings- og gjenforsikringsforetak med omsyn til marknaden i vertsstaten

Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett ved inkorporering i Solvens II-forskrifta. Det minnest om at det som hovudregel ikkje vil gjennomførast ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Høyringsfristen er 2. januar 2025.

Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EIOPA:

  • EIOPA opens first batch of consultations on technical standards after Solvency II Review
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less