Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om motpartsrisiko for derivat som gjeld for bankar m.fl.
Høringer
Publisert: 5. januar 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 14. desember 2023 ei høyring om endring av teknisk standard om standardmetoden for motpartsrisiko (Standardised approach for counterparty credit risk, SA-CCR). Høyringsfristen er 14. mars 2024.
For å harmonisere føretaka si identifisering av risikodrivarar av ein derivattransaksjon med éin eller fleire risikodrivarar, vart nærmare reglar for slik identifisering innført gjennom delegert kommisjonsforordning (EU) 2021/931. Vidare krev kapitalkravforordninga (CRR) at formelen for å berekne tilsynsdelta for ulike opsjonar i renterisikokategorien, blir oppdatert i samsvar med utviklinga i internasjonal regulering. Rettsakta gjennomførte ein oppdatert formel etter ny informasjon frå Baselkomitteen for banktilsyn (BCBS). Forordning 2021/931 er gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon i CRR/CRD IV-forskrifta § 2 andre ledd nr. 70.
Forordning 2021/931 er utarbeidd med heimel i artikkel 277 nr. 5 og 279a nr. 3 i CRR som endra ved den reviderte kapitalkravforordninga (forordning (EU) nr. 2019/876, "CRR2"). Desse føresegnene er foreslått endra i Europakommisjonens forslag av 27. oktober 2021 til endring av CRR (CRR3) og kapitalkravdirektivet (CRD6). Det er venta at Europaparlamentet formelt vil godkjenne eit samlande forslag innan kort tid. Finansdepartementet har den 13. desember 2023 gitt Finanstilsynet i oppdrag å utarbeide eit høyringsnotat om gjennomføring av forventa EØS-reglar som svarer til CRR3/CRD6. EBA foreslår i høyringa å endre formelen i forordning 2021/931 som blir nytta til å berekne tilsynsdelta for vareopsjonar, slik at han tar omsyn til negative vareprisar som kan finnast ved negative renter. I tillegg foreslår EBA endringar i forordninga for å syte for at teksten er tilpassa CRR3.
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i CRR/CRD IV-forskrifta. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 14. mars 2024. EBA arranger ei offentleg høyring i form av eit nettmøte 21. januar 2024 kl. 16.00 - 17.00.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettsider:
Sjå meir informasjon om eksisterande forordning på europalov.no:
Pressemelding frå Finansdepartementet om gjennomføring av endringar i kapitalkravregelverket (CRR3/CRD6):