Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om kredittverdijustering (Credit Valuation Adjustment (CVA))
Høringer
Publisert: 9. august 2024
Den europeiske banktilsynsmakta (EBA) publiserte 8. juli 2024 ei høyring om teknisk standard om kredittverdijustering for verdipapirfinansieringstransaksjonar ("securities financing transactions" (SFTs)). Dei utfyllande reglane gjeld for bankar m.fl. Høyringsfristen er 8. oktober 2024.
Det følgjer av CRR artikkel 382 nr. 2 i den reviderte kapitalkravforordninga (forordning (EU) 2024/1623, "CRR3") at føretaka skal inkludere verdipapirfinansieringstransaksjonar i berekninga av kapitalkravet for CVA-risiko føresette at risikoen er vesentleg. Det følgjer vidare av artikkel 382 nr. 6 at EBA skal utarbeide utfyllande reglar som spesifiserer vilkåra for vurdering av vesentlegheita av CVA-risiko som oppstår frå verdipapirfinansieringstransaksjonar verdsett til verkeleg verdi.
Høyringsdokumentet omhandlar EBAs forslag til utfyllande reglar. Endeleg forslag vil bli utarbeidd etter høyringa og vil deretter bli sendt over til EU-kommisjonen. Når reglane blir tekne inn i EØS-avtalen, antek Finanstilsynet at dei vil bli gjennomførte i norsk rett ved inkorporasjon i § 2 andre ledd i CRR/CRD IV-forskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 8. oktober 2024. EBA arranger ei offentleg høyring via ein telefonkonferanse 4. september 2024 kl. 15.00.
Nærare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettsider:
Pressemelding frå Finansdepartementet: