Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om behandling og rapportering av strukturelle valutaposisjonar
Høringer
Publisert: 4. november 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert ei høyring om tekniske standardar om behandling og rapportering av strukturelle valutaposisjonar. Dei utfyllande reglane vil gjelde for bankar m.fl. Høyringsfristen er 7. februar 2025.
Institusjonar som har ein samla netto valutaposisjon som overskrid 2 prosent av ansvarleg kapital skal berekne kapitalkrav for valutarisiko, sjå kapitalkravforordninga (forordning (EU) nr. 575/2013, (CRR)) artikkel 351, og berekninga skal gjennomførast i samsvar med artikkel 352. Posisjonar som institusjonen medvite har teke for å sikre seg mot negative effektar på kapitaldekninga, og som ikkje er i handelsporteføljen, kan etter artikkel 352 nr. 2 få fritak frå kapitalkravet for valutarisiko dersom tilsynsmaktene gir løyve til det. EBA fastsette 1. juli 2020 retningslinjer (EBA/GL/2020/09) som gir utfyllande reglar om behandlinga av strukturelle valutaposisjonar etter CRR artikkel 352 nr. 2. Finanstilsynet har stadfesta overfor EBA at desse vil bli følgde i Noreg.
Forordning 2024/1623 (CRR3) endrar kapitalkravforordninga og er førebels ikkje gjennomført i norsk rett. I tilføydd artikkel 104c i CRR3 om behandling av valutarisikosikringar av kapitalkapitaldekninga er det i nr. 4 gitt mandat til EBA om å utarbeide teknisk standard om strukturelle valutaposisjonar som vil erstatte retningslinjene frå EBA. Høyringa omhandlar EBAs forslag til teknisk standard. Høyringsdokumentet inneheld også forslag til endring av den tekniske standarden for styresmaktsrapportering (COREP), slik at han angir rapporteringskrava for posisjonar der tilsynsmaktene har gitt løyve til unntak.
Endeleg forslag vil bli utarbeidd etter høyringa og vil deretter bli sendt over til EU-kommisjonen.
Når reglane blir tekne inn i EØS-avtalen, antek Finanstilsynet at dei vil bli gjennomførte i norsk rett ved inkorporasjon i § 2 andre ledd i forskrift om kapitalkrav og gjennomføring av CRR/CRD-regelverket (CRR/CRD-forskrifta).
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket blir teken inn i norsk rett..
Høyringsfristen er 7. februar 2025.
EBA arranger ei offentleg høyring via eit webinar 3. desember 2024 kl. 14.00 – 15.00.
Nærare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettsider:
Finansdepartementet