Høyring frå EBA: Utfyllande reglar om operasjonell risiko
Høringer
Publisert: 26. juni 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 6. juni ei høyring med utfyllande reglar for registrering og berekning av tapsdata knytte til operasjonell risiko. Høyringsfristen til EBA er 6. september 2024.
EBA har i samband med innføringa av kapitalkravsregelverket – CRR3 («bankpakka» i EU) fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar for operasjonell risiko. EBA har no sendt på høyring dei tre tekniske standardane knytte til registrering og berekning av tapsdata. Dei tekniske standardane inneheld mellom anna krav om å bruke ein risikotaksonomi for å standardisere registreringa av operasjonelle tap, unnatak for berekning av årlege operasjonelle tap og reglar for å justere tapsdata ved fusjonar eller oppkjøp av einingar eller aktivitetar.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet er tilgjengeleg på nettstaden til EBA:
Nyheitssaka om høyringa:
Høyringsdokumenta:
EBA vil halde ei digital, offentleg høyring (webinar) 4. juli 2024 kl. 15.30–17.00 CET, som ein kan no melde seg på. Påmeldingsfristen for dette webinaret er 2. juli kl. 16.00.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen til EBA er 6. september 2024.