Høyring frå EBA: Teknisk standard om "equivalent mechanism" knytt til uferdig eigedom
Høringer
Publisert: 31. mai 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt forslag til reglar som spesifiserer kva omgrepet "equivalent mechanism" inneber i samband med risikovekting av uferdige eigedomsprosjekt.
CRR 3 artikkel 124 opnar for ei lempelegare behandling av eigedomsprosjekt i kapitalkravberekninga, dersom sentrale, regionale eller lokale styresmakter har juridisk handlingsrom og -evne til å sikre at prosjekta blir ferdigstilte, og har forplikta seg til dette dersom det er nødvendig.
Den same effekten kan ein oppnå dersom det finst ein "equivalent legal mechanism", som sikrar at eigedommen blir ferdigstilt innan rimeleg tid. EBA er gitt mandat i CRR 3 artikkel 124 nr. 12, til å spesifisere kva som skal til for at dette vilkåret er oppfylt.
Høyringsfrist: 13. august 2024
Les meir: