Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Handbok om uavhengige verdssetjarar ved krisehandtering

Høyring frå EBA: Handbok om uavhengige verdssetjarar ved krisehandtering

Høringer

Publisert: 9. august 2024

Den europeiske banktilsynsmakta (EBA) publiserte 19. juli 2024 ei høyring av handbok om uavhengige verdssetjarar ved krisehandtering. Høyringsfristen er 19. september 2024.

EUs krisehandteringsdirektiv, Bank Recovery and Resolution Directive (Directive 2014/59/EU, 'BRRD'), vart gjennomført i Noreg frå 1. januar 2019.

Verdivurdering av gjelda og eigedelane i føretaket er ein sentral del av avgjerdsgrunnlaget når styresmaktene avgjer om eit føretak skal reknast for å vera kriseramma, som grunnlag for valet og utforminga til styresmaktene av krisetiltak og dessutan for å sikra at eigarar og kreditorar ikkje kjem verre ut ved ei krisehandtering enn om føretaket hadde vorte avvikla. Regelverket stiller krav om at verdivurderinga blir gjennomført av ein uavhengig verdssetjar.

EBA har no sendt handbok om uavhengige verdssetjarar ved krisehandtering på høyring. Handboka er retta mot styresmaktene som har til oppgåve å utnemna verdssetjar ved ei krisehandtering. Innhaldet i handboka vil erstatta noverande omtale i kapittel 8.1.1 i EBAs handbok om verdivurdering ved krisehandtering (Handbook on valuation for purposes of resolution).

Høyringsfristen er 19. september 2024.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning som tilsynet bør vera merksam på.

Les meir på EBAs nettsider:

  • Consultation on Handbook on independent valuers for resolution
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less