Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Forslag til nye utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om marknadsrisiko som gjeld for bankar m.fl.

Høyring frå EBA: Forslag til nye utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om marknadsrisiko som gjeld for bankar m.fl.

Høringer

Publisert: 9. januar 2024

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 29. november 2023 ei høyring om ein teknisk standard om vurdering av viktigheita av utvidingar og endringar i bruken av alternative interne modellar for marknadsrisiko, og dessutan endringar i delsettet av dei modellerbare risikofaktorane. Høyringsfristen er 29. februar 2024.

Etter CRR kan føretaka nytte alternative interne modellar for berekning av kapitalkravet for marknadsrisiko, føresett at finanstilsynsmyndigheitene gir løyve til dette. Vesentlege endringar og utvidingar, og dessutan endringar i føretaket sitt val av delsettet av dei modellerbare risikofaktorane, krev eit separat løyve frå tilsynsmynndigheitene. Andre utvidingar og endringar i bruken av interne modellar for marknadsrisiko krev notifikasjon til tilsynsmyndigheitene. Den tekniske standarden gir utfyllande reglar om korleis føretaka skal vurdere om endringar og utvidingar er søknadspliktige.

Den tekniske standarden er utarbeidd av EBA med heimel i artikkel 325az nr. 8 bokstav a i CRR som endra ved den reviderte kapitalkravforordninga (forordning (EU) nr. 2019/876, "CRR2") som er gjennomført i CRR/CRD IV-forskrifta § 2 første ledd bokstav g. Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i CRR/CRD IV-forskrifta. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 29. februar 2024. EBA arrangerer ei offentleg høyring i form av ein telefonkonferanse 10. januar 2024 kl. 10:00 - 11:30.

Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettsider:

  • Consultation on draft RTS on the materiality of extensions and changes to the use of FRTB IMA and changes to the subset of MRF (EBA/CP/2023/36)
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less