Høyring frå EBA: Endringer av utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om marknadsrisiko som gjeld for bankar m.fl.
Høringer
Den europeiske banktilsynsmakta (EBA) publiserte 14. desember 2023 ei høyring om endringar av tekniske standardar om marknadsrisiko. Høyringsfristen er 14. mars 2024.
Delegert kommisjonsforordning 2022/2058 og 2022/2059 gir utfyllande reglar om fastsetting av kapitalkrav for marknadsrisiko ved bruk av interne modellar. Ingen norske bankar har løyve til å nytte denne metoden på noverande tidspunkt. Delegert kommisjonsforordning 2023/1577 gir utfyllande reglar for korleis føretaka skal berekne kapitalkravet for valuta- og varerisiko for posisjonar som kan tilordnast bankporteføljen ved bruk av den alternative standardmetoden, eller den alternative metoden med interne modellar. Dei nemnde forordningane er gjennomførte i norsk rett ved inleming i CRR/CRD IV-forskrifta § 2 andre ledd nr. 66, 67 og 75.
Forordningane er utarbeidde med heimel i artikkel 325bg, 325be og 325 i CRR som endra ved den reviderte kapitalkravforordninga (forordning (EU) nr. 2019/876, "CRR2"). Desse føresegnene er foreslått endra i Europakommisjonens forslag av 27. oktober 2021 til endring av CRR og kapitalkravdirektivet (CRD) (andre bankpakke, "CRR3"/"CRD6"). Det er venta at Europaparlamentet formelt vil godkjenne eit samlande forslag innan kort tid. Finansdepartementet har den 13. desember 2023 gitt Finanstilsynet i oppdrag å utarbeide eit høyringsnotat om gjennomføring av forventa EØS-reglar som svarer til CRR3. EBA foreslår i høyringa hovudsakleg endringar i forordningane for å syte for at teksten er tilpassa CRR3.
Det er grunn til å tru at reglane blir tatte inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i CRR/CRD IV-forskrifta. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 14. mars 2024. EBA arranger ei offentleg høyring i form av eit nettmøte 21. januar 2024 kl. 16:00 - 17:00.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettsider:
Sjå meir informasjon om eksisterande forordningar på europalov.no:
- Delegert kommisjonsforordning (EU) 2022/2059
- Delegert kommisjonsforordning (EU) 2022/2060
- Delegert kommisjonsforordning (EU) 2023/1577
Pressemelding frå Finansdepartementet om gjennomføring av endringar i kapitalkravregelverket (CRR3/CRD6):