Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Endringar i benchmarking av internmodellar i 2025

Høyring frå EBA: Endringar i benchmarking av internmodellar i 2025

Høringer

Publisert: 23. januar 2024

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 18. januar 2024 høyring om endringar i innsamling av data om internmodellar for kredittrisiko, berekning av forventa kredittap og marknadsrisiko. Høyringsfristen er 27. mars 2024.

Den europeiske banktilsynsmyndigheita samlar årleg inn data frå bankar som bruker internmodellar for kapitalkravberekning. Dataa gjer det mogleg for tilsynsmyndigheitene å samanlikne modellestimat bankane imellom ("supervisory benchmarking"). Datainnsamlinga gjer det også mogleg å følge med på og forklare variasjonen i risikovekta eigedelar over tid, og gir i tillegg bankane informasjon som gjer dei i stand til å samanlikne eigne risikovurderingar med andre bankar sine vurderingar.

Endringane EBA foreslår for innsamlinga i 2025 gjeld først og fremst rammeverket for marknadsrisiko, der EBA foreslår nye rapporteringsskjema for interne modellar knytt til kapitalkravregelverket for marknadsrisiko (Fundamental Review of the Trading Book - FRTB).

Datainnsamlinga er regulert i ein teknisk standard (ITs), og det er endringar i denne som no er gjenstand for høyring.

EBA vil gjennomføre ei offentleg høyring 28. februar 2024.

Meir informasjon er gitt på EBAs nettstad:

  • EBA consults on amending the data collection for the benchmarking exercise in 2025
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less