ESMA undersøker direktivet om tillatne investeringar for UCITS-fond (UCITS EAD)
Høringer
Publisert: 15. mai 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har bedt om faktagrunnlag ("call for evidence") for gjennomgang og vurdering av gjennomføringsdirektiv 2007/16/EF om utfyllande føresegner for kva som utgjer tillatne investeringar etter UCITS-direktivet ("UCITS Eligible Assets Directive" – EAD). Målet med undersøkinga er å hente inn informasjon frå interessentar for å vurdere moglege risikoar og fordelar for UCITS-fond ved eksponering mot ulike aktivaklasser.
ESMA gjennomfører undersøkinga om UCITS Eligible Assets Directive (EAD) for å kartlegge marknadspraksis og hente inn synspunkt for vilkår for tillatne investeringar for UCITS-fond. Undersøkinga vil inngå i ESMA sin gjennomgang av EAD med sikte på å gi eit teknisk råd til EU-kommisjonen.
Spesielt inviterer ESMA fondsforvaltarar, investorar, depotmottakarar for UCITS-fond og foreiningar til å gi tilbakemeldingar på spørsmåla som ESMA stiller. Svara skal dei gi via høyringsportalen til ESMA.
Fristen for å svare på spørsmåla frå ESMA er 7. august 2024.
Finanstilsynet ber verksemdene informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Sjå informasjon om høyringa på nettstaden til ESMA: