Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Tekniske standardar om tilsynsutval ("Supervisory colleges") i EUs kapitalkravdirektiv

Høyring frå EBA: Tekniske standardar om tilsynsutval ("Supervisory colleges") i EUs kapitalkravdirektiv

Høringer

Publisert: 12. juni 2023

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 30. mai 2023 ei høyring om tekniske standardar om tilsynsutval i EUs kapitalkravdirektiv (Direktiv 2013 / 36 / EU ("CRD")). Høyringsfrist er 30. august 2023.

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2016/98 og gjennomføringsforordning 2016/99 (EU) om virkemåten frå tilsynsutvala er gjennomført i norsk regelverk i CRR/CRD IV-forskrifta sin § 2 andre ledd nr. 9 og 10. EBA foreslår at dei nemnde tekniske standardane blir erstatta med nye tekniske standardar som følge av endringar som følger av CRD V (2019/878/EU) og CRR2 (2019/876/EU), og dessutan endringar som reflekterer EBAs observasjonar av korleis tilsynsutvala fungerer.

Det blir antatt at reglane blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i CRR/CRD IV-forskrifta. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 30. august 2023. EBA vil òg arrangert ei offentleg høyring i form av eit webinar 28. juni 2023 kl. 13.00 - 14.00.

Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettstad:

  • Consultation on RTS and ITS on supervisory colleges under CRD (EBA/CP/2023/10)
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less