Høyring: Utkast til retningslinjer om utveksling av informasjon for vurderingar av om personar eller føretak er eigna
Høringer
Publisert: 28. februar 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA), Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) og Den europeiske tilsynsmyndigheita for forsikring og tenestepensjon (EIOPA) har sendt utkast til retningslinjer om utveksling av informasjon for vurderingar av om personar eller føretak er eigna, på høyring. Høyringsfristen er 2. mai 2023.
Retningslinjene spesifiserer korleis tilsynsmyndigheitene skal bruke eit system som er oppretta for utveksling av informasjon som nemnt. Tilsynsmyndigheitene skal ved bruk av systemet kunne identifisere om ein person eller eit føretak tidlegare har blitt vurderte av andre tilsynsmyndigheiter. Systemet vil ikkje innehalde informasjon om innhaldet eller utfallet av vurderingane.
Les meir her: