Søk Søk
Forside Markedsadvarsler Beskytt deg mot investeringsbedrageri

Beskytt deg mot investeringsbedrageri

Det er fleire måtar å beskytte seg mot investeringsbedrageri på. Finanstilsynets generelle tilråing til investorar er å gjere investeringar i finansielle instrument gjennom verdipapirføretak som har konsesjon i Noreg, eller verdipapirføretak som har tilsvarande konsesjon i eit anna EØS-land og har meldt grensekryssande verksemd til Noreg.

Andre gode råd er:

  • Sjekk om føretaket har løyve til å yte investeringstenester
  • Hugs at informasjonen du mottek kan vere falsk
  • Spør etter namn, adresse og telefonnummer til personen som ringer
  • Still spørsmål ved sjølve investeringa
  • Sjekk at føretaket ikkje finst på lista over føretak som Finanstilsynet har åtvara mot
  • Send aldri personopplysningar eller pengar til ukjende personar eller føretak
  • Still spørsmål ved kvifor akkurat du får eit slikt investeringstilbod

Sjekk om føretaket har løyve til å yte investeringstenester

Selskapet hevdar kanskje at det ikkje behøver konsesjon, men i Noreg krevst det som hovudregel alltid løyve frå tilsynsmyndigheitene for å yte investeringstenester (jf. verdipapirhandellova § 9-1 jf. § 2-1). Dette gjeld for eksempel ved mottak og utføring av ordrar på vegner av ein investor i samband med eit finansielt instrument. Dei andre EØS-landa har stort sett dei same reglane. Hugs at Finanstilsynet berre har tilsyn med norske selskap. Du kan søke etter norske føretak med løyve frå Finanstilsynet i Finanstilsynets register.

Eit utanlandsk verdipapirføretak som har løyve til å yte investeringstenester og er underlagd tilsyn i eit anna EØS-land, kan melde om grensekryssande verksemd til Noreg (jf. MiFID-direktivet (Direktiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument) artikkel 31). Oversikt over føretak som har meldt slik grensekryssande verksemd finst i Konsesjonsregisteret.

Hugs at informasjonen du mottek kan vere falsk

Ver merksam på at investeringsbedragarar kan misbruke anerkjende føretak med løyve til å drive finansiell verksemd, ved å oppgi navn og kontaktinformasjon som til forveksling er lik det som det seriøse føretaket har.

Tilsynsmyndigheitene i dei fleste landa har på nettstadene sine ei oversikt over føretak som har konsesjon og som er under offentleg tilsyn. Ikkje kontakt myndigheiter eller organisasjonar som føretaket viser til. Det er stor risiko for at desse organisasjonane er falske. Liste med kontaktinformasjon til tilsynsmyndigheiter i andre land finn du på nettstaden til IOSCO (Den internasjonale organisasjonen for verdipapirtilsyn). Stol heller ikkje på referansar som føretaket oppgir frå nøgde kundar.

Spør etter namn, adresse og telefonnummer til personen som ringer

Føretaket oppgir ofte fiktivt namn og adresse. Hvis seljaren ikkje vil oppgi fullt namn, adresse og telefonnummer, eller slik informasjon ikkje er tilgjengeleg på nettsidene til føretaket, bør du avbryte kontakten med føretaket. 

Still spørsmål ved sjølve investeringa

Investeringstilboda blir ofte framstilte som lavrisiko og/eller med svært høg sannsynleg avkasting. Hugs at det alltid er ein samanheng mellom risiko og forventa avkasting. Sørg for at du har ei god forståing av kva du faktisk investerer i. Eit seriøst verdipapirføretak vil ønske spørsmål frå ein potensiell investor velkomen, og vil heller avklare alle spørsmål og usikkerheiter i forkant av investeringa, enn å få ein sint og misfornøgd kunde. Eksempel på spørsmål du kan stille:

  • Kva for verdipapir ønsker eg å investere i?
  • Kjenner eg til verdipapira, eller er det unoterte verdipapir frå ein ukjend utskrivar? Les meir om slike unoterte aksjar på internettsidene til den amerikanske tilsynsmyndigheiten, SEC.
  • Er det kostnader knytte til investeringa, for eksempel kjøps- og salskostnader, forvaltingskostnader, administrasjonskostnader, oppbevaringskostnader etc.? Ved krav om førehandsbetaling bør det utvisast særleg stor forsiktigheit.
  • Kva for avkasting må eg ha for å tene pengar på denne investeringa, når alle kostnadene er tekne omsyn til?
  • Kva for risikoar er forbunde med investeringa?
  • Kor likvid er investeringa? Eller sagt på ein annan måte; kor lett og raskt kan eg realisere investeringa og få tilbake pengane mine?
  • Kor og korleis vil verdipapira mine til å bli oppbevarte?
  • Kva for haldepunkt har eg for at denne investeringa er realistisk og seriøs?

Sjekk at føretaket ikkje finst på lista over føretak som Finanstilsynet har åtvara mot

Dersom Finanstilsynet blir kjend med namngitte aktørar som opererer i marknaden utan løyve, publiserer Finanstilsynet investoråtvaringar på nettstaden sin. Sidan useriøse føretak ofte opererer på tvers av landegrensene, publiserer Finanstilsynet òg investoråtvaringar frå tilsynsmyndigheitene i andre land. Lista over useriøse føretak blir oppdatert fortløpande, men kan dessverre aldri bli komplett. Meld frå til Finanstilsynet dersom du blir kjend med andre føretak som ikkje har løyve til å yte investeringstenester.

Send aldri personopplysningar eller pengar til ukjende

Personopplysningar, kopi av identitetskort eller pengar må aldri sendast til ukjende personar eller føretak.

Still spørsmål ved kvifor akkurat du får eit slikt investeringstilbod

Tenk over kvifor ein ukjend person vil gi deg ein slik molegheit til å tene raske pengar. Dersom tilbodet er for godt til å vere sant, så er det ofte det.