Schwarz & Stien Partners
Publisert: 19. februar 2015
Sist endret: 7. februar 2019
Investoråtvaring
Finanstilsynet åtvarer mot investeringstilbod marknadsført av Schwarz & Stien Partners
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Schwarz & Stien Partners, (adresse: Via dei Leutari 21. Rome, Italy 00186 og Hong Kong) har kontakta norske investorar og tilbode investeringstenester. Selskapet tilbyr òg tenester frå nettstaden http://schwarz-stien.com.
Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Schwarz & Stien Partners ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Schwarz & Stien Partners
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.