Basisrenter
Finanstilsynet fastset basisrenter på oppdrag frå Finansdepartementet. Basisrentene er baserte på rentevilkår for bustadlån i marknaden, og reglane for fastsettinga finst i skattelovforskrifta.
Basisrenta blir kalkulert på bakgrunn av data som långivarar er pålagde å rapportere til Finansportalen. Basisrenta dannar mellom anna grunnlaget for fastsettinga av normrenta. Normrenta blir fastsett av Skattedirektoratet.
Publikasjoner
Basisrente for flytende renter
Basisrenta for flytande renter blir fastsett for to månader, basert på ein observasjonsperiode på to månader med start den 1. i månadene januar, mars, mai, juli, september og november.
Basisrenta for flytande renter blei 1. juli 2024 sett til 5,518 prosent.
Basisrente for faste renter
Basisrentene for faste renter for 3, 5, 10 og 20 års løpetid blir fastsett kvar månad, basert på ein observasjonsperiode på éin månad. Basisrentene for faste renter blei 1. juli 2024 fastsett til følgande nivå:
- Fast rente 3 år: 5,071 prosent
- Fast rente 5 år: 4,937 prosent
- Fast rente 10 år: 4,815 prosent
- Fast rente 20 år: 5,115 prosent