Om Finanstilsynet
Finanstilsynet er eit sjølvstendig styringsorgan som byggjer på lover og vedtak frå Stortinget, Regjeringa og Finansdepartementet og på internasjonale standardar for finansielt tilsyn.
Gjennom tilsyn med føretak og marknader skal Finanstilsynet bidra til finansiell stabilitet og ordna marknadsforhold og til at brukarane kan stole på at finansielle avtalar og tenester blir følgde opp etter føremålet. I tillegg til det førebyggjande arbeidet må Finanstilsynet kunne bidra til å løyse problem som kan oppstå. Finanstilsynet legg til grunn at norske verksemder skal ha konkurransevilkår som samla sett er på linje med verksemder i andre EØS-land.
Kva typar føretak har Finanstilsynet tilsyn med?
Finanstilsynet har tilsyn med bankar, finansieringsføretak, e-pengeføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvalting og marknadsåtferd i verdipapirmarknaden, børsar og andre regulerte marknader, oppgjerssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har Finanstilsynet kontroll med den finaniselle rapporteringa til børnoterte føretak og med marknadsåtferd i verdipapirmarknaden.
Grunnlaget for verksemda til Finanstilsynet
Det lovmessige grunnlaget for verksemda til Finanstilsynet finst i Lov om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynsloven). Hovudoppgåvene til Finanstilsynet er definerte i § 3 i lova. Finanstilsynet forvalter òg ei lang rekkje spesiallover (sjå Lover og forskrifter under dei ulike tilsynskategoriane).
Delegert myndighet
Oversikt over delegert myndighet fra Finansdepartementet til Finanstilsynet