Avklaring om vedtektene til pensjonskasser – Finansdepartementets vedtak 15. desember 2009
Rundskrivet gjeld for:
Pensjonskasser
Finansdepartementet har i eit vedtak i ei klagesak gitt ei avklaring på to spørsmål om vedtektene til pensjonskasser. Klagesaka gjaldt vedtektsføresegn om at kommunestyret i ein kommune skal vedta endringar i vedtektene til pensjonskassa, og at kommunen skal utpeike styreleiaren i ei pensjonskasse. Finansdepartementet har stadfesta Kredittilsynets vedtak om at slike vedtektsføresegn ikkje skal godkjennast.
Finansdepartementet har mellom anna lagt vekt på at pensjonskassa skal vere uavhengig av føretak med pensjonsordning i pensjonskassa, og at dette hindrar at føretak med pensjonsordning i pensjonskassa har rett til å endre vedtektene. Departementet viser òg til at omsynet til rettsleg og faktisk sjølvstende tilseier at føretak med pensjonsordning i pensjonskassa ikkje skal kunne utpeike styreleiar eller leggje føringar om at vedkommande skal veljast blant styremedlemmene som representerer føretaket i styret.
Pensjonskasser som har avventa utfallet i denne klagesaka må utforme vedtekter som er i samsvar med vedtaket til departementet og søkje om godkjenning av desse, slik at konsesjonssøknaden kan endeleg avgjerast.
Emil Steffensen
Kjell Arne Aasgaarden
Kontaktperson:
Seniorrådgivar Øyvind Jenssen, tlf. 22 93 98 73
Spesialrådgivar Trond Brun-Gulbrandsen, tlf. 22 93 98 45
Vedlegg:
Vedtak frå Finansdepartementet, datert 15.12.2009 (pdf)
Utskriftsversjon av rundskriv 3/2010 (pdf)