Rundskriv, 18/2009
11. desember 2009 Skriv ut

Kredittilsynet innfører ny praksis med elektronisk abonnement på rundskriv - avløyser papirrundskriv til føretak under tilsyn

Kredittilsynet varslar med dette at praksisen med distribusjon av rundskriv no blir endra.

Kredittilsynet skiftar namn til Finanstilsynet 21. desember 2009. Frå da av vil vi ikkje lenger sende trykte rundskriv til føretak under tilsyn. I staden vil vi sende eit e-postvarsel til registrerte abonnentar om at eit nytt rundskriv er tilgjengeleg på nettstaden vår; ny nettstadsadresse blir: www.finanstilsynet.no. Rundskriv knytte til dei ulike områda som Kredittilsynet/Finanstilsynet har tilsyn med, blir publiserte løpande på nettstaden, og e-postvarsel om nye rundskriv er eit tilbod til dei som ønskjer det.

Den nye abonnementsløysinga blir tilgjengeleg frå 21. desember 2009. Der kan ein velje kva for rundskriv ein vil abonnere på, avhengig av tilsynsområde og interessefelt.

Det er viktig at alle føretak som har motteke trykte rundskriv no registrerer den offisielle
e-postadressa si i den nye abonnementsløysinga til Finanstilsynet slik at dei kan motta varsel om nye rundskriv.

I tillegg må alle andre som tidlegare har fått e-postvarsel om rundskriv frå Kredittilsynet registrere seg på nytt i abonnementsløysinga.

Abonnement på rundskriv kan ein registrere på: www.finanstilsynet.no/abonnement etter
21. desember 2009.

I abonnementsløysinga skriv du inn e-postadresse og lagar eit passord (minst 7 teikn), og lagrar. I neste bilete kan du velje abonnement. Under ”Rundskriv” kan du velje ”alle” eller einskilde tilsynsområde du vil ha rundskrivabonnement på. Her kan du òg gjere endringar i rundskrivabonnementet.

Når abonnementet ditt er registrert, vil du neste gong Finanstilsynet publiserer eit rundskriv på det tilsynsområdet / dei tilsynsområda du abonnerer på, få eit e-postvarsel om at rundskrivet er tilgjengeleg på nettstaden til Finanstilsynet.

Merk at den nye abonnementsløysinga òg gjeld pressemeldingar og aktueltsaker.

Vi håper du blir nøgd med den nye ordninga.


 

Kjetil Karsrud

Arild Eide Johansen



Kontaktpersonar:
Nettredaktør Børge Ulekleiv, tlf. 22 93 99 19, e-post: borge.ulekleiv@kredittilsynet.no
Senior kommunikasjonsrådgivar Arild Eide Johansen, tlf. 22 93 99 94,
e-post: arild.eide.johansen@kredittilsynet.no

 

* * *

 

21. desember 2009 flyttar Kredittilsynet til nye lokale i Oslo sentrum og endrar samtidig
namn til Finanstilsynet. Finanstilsynets e-postadresse blir: post@finanstilsynet.no.
Individuelle e-postadresser vil vere fornamn.etternamn@finanstilsynet.no, nettstaden vil finnast på www.finanstilsynet.no. Telefonnummer vil bli som i dag.

Besøksadresse vil vere Revierstredet 3, og postadresse Postboks 1187 Sentrum, 0107 Oslo.