Gå til innhold
Rundskriv, 11/2009
25.09.2009 Skriv ut

Endringar i oppgåve og rettleiing til rapportering av store engasjement [Erstatta av rundskriv 12/2011]

Forretningsbankar
Sparebankar
Finansieringsføretak
Holdingselskap i finanskonsern
Forvaltningsselskap
Verdipapirføretak

 

Kredittilsynet informerer om at det er gjort endringar i oppgåva for rapportering av store engasjement og i tilhøyrande rettleiing. Endringane gjeld frå og med rapporteringa per 30. september 2009 (tredje kvartal). Bakgrunnen for endringane er mellom anna endringar i forskrift om kredittinstitusjonars og verdipapirføretaks store engasjement (FOR 2006-12-22 nr 1615) som vart iverksett frå 1. januar 2007, men og for å spesifisere informasjon som er direkte retta mot rapporteringa.

Når det gjeld rapporteringsoppgåva så er det gjort mindre strukturelle endringar i sjølve skjemaet. Informasjonen som skal rapporterast er den same som før. Ein må vere merksam på at eventuelle korreksjonar av tidlegare leverte rapportar likevel må gjerast på det gamle rapporteringsskjemaet som rapportøren tidlegare har nytta seg av, men skjemaet må leverast med nytt versjonsnummer.   

Samstundes gjer Kredittilsynet merksam på at det for institusjonar i konsern skal leverast rapport for morselskap, konsolidert for heile konsernet og for delkonsern i tillegg til for den enkelte institusjon. 

Tabell 1. Frekvens og fristar for rapportering av store engasjement

Føretak                   Nivå Frekvens Frist etter
periodens slutt
Bankar
Ikkje-konsolidert Kvartal 45 dagar
Konsolidert Halvår 45 dagar
Finansieringsselskap
Ikkje-konsolidert Kvartal 45 dagar
Konsolidert Halvår 45 dagar
Kredittføretak
Ikkje-konsolidert Kvartal 45 dagar
Konsolidert Halvår 45 dagar
Holdingselskap i finanskonsern
Ikkje-konsolidert Halvår 45 dagar
Konsolidert Halvår 45 dagar
Verdipapirføretak etter vphl. § 2-1
første ledd nr. 2, 3, 6 og 7
Ikkje-konsolidert Kvartal 30 dagar
Konsolidert Halvår 30 dagar
Verdipapirføretak etter vphl. § 2-1
første ledd nr. 1, 4 og 5
Ikkje-konsolidert Årleg 30 dagar
Konsolidert Årleg 30 dagar
Forvaltningsselskap for verdipapirfond
med løyve til å yte investeringsbistanden
aktiv forvaltning
Ikkje-konsolidert Årleg 30 dagar
Konsolidert Årleg 30 dagar

 

Ny rettleiing og nytt rekneark for rapportering er tilgjengelege som vedlegg til dette rundskrivet. Ved mindre endringar i rettleiing og rekneark  i framtida, vil desse endringane vere tilgjengelege på nettstaden, og vert ikkje kunngjort i rundskriv.

Dette rundskrivet erstattar tidlegare rundskriv 37/1997.

 

Erik Lind Iversen

Anne Stine Aakvaag


Vedlegg:
Rapportering av store engasjementer (xls)
[Red.merkn.: Det er gjort noen mindre endringer i regnearket for rapportering. Oppdatert regneark pr. 7. okt. 2009 er tilgjengelig på nettsiden "Store engasjementer - rapportering".]
Veiledning til utfylling av postene (pdf)

Kontaktpersonar:

Forskrifta og tolkinga av denne:
Karen Sofie Kaardal, tlf. 22 93 99 70, e-post: karen.sofie.kaardal@kredittilsynet.no
Christian Myrdahl, tlf. 22 93 98 82, e-post: christian.myrdahl@kredittilsynet.no

Verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond:
Adnan Ashraf, tlf. 22 93 99 48, e-post: adnan.ashraf@kredittilsynet.no

Bankar, finansieringsselskap og holdingselskap i finanskonsern:
Jørgen Ruud, tlf. 22 93 97 71, e-post: jorgen.ruud@kredittilsynet.no
Heidi Holwech, tlf. 22 93 98 67, e-post: heidi.holwech@kredittilsynet.no