Vidareføring av rutine for rapportering av IKT-hendingar til Kredittilsynet
Forretningsbankar nr. 3
Sparebankar nr. 3
Filialar i Noreg av utanlandske bankar nr. 1
VPS ASA nr. 1
Oslo Børs ASA nr. 1
BBS AS nr. 1
EDB Business Partner ASA nr. 1
Kredittilsynet etablerte i 2007 ein midlertidig rutine for rapportering av IKT-relaterte hendingar av ein viss alvorsgrad til Kredittilsynet. Rapporteringa blei omtalt i rundskriv 31/2007. Føretaket rapporterer om hendingar til Kredittilsynet gjennom e-post til hendelse@kredittilsynet.no eller telefon til saksbehandlar i seksjon for IT-tilsyn, sjå telefonlista nedanfor. Rutinen omfattar bankar, VPS ASA, Oslo Børs og BBS AS. Frå 1. september 2008 slutta EDB Business Partner ASA seg òg til rapporteringa.
Planen var, etter ein prøveperiode på 12 månader, å evaluere rapporteringa av hendingar. Kredittilsynet har summert resultatet av rapporteringa og funne at rapporteringa fungerer etter hensikta og gir viktig informasjon som blir nytta i risikoarbeidet.
Til saman bidreg rapportering av hendingar til at Kredittilsynet får eit meir korrekt og rettidig bilete av nivået på IKT-hendingar. Rapportering av hendingar gjer det lettare å spore samanhengar mellom hendingar og system som igjen gir grunnlag for betre risikoanalysar og moglegheiter for å setje i verk førebyggjande tiltak på eit tidleg tidspunkt.
På bakgrunn av dette har Kredittilsynet beslutta å vidareføre prøveperioden for rapportering av hendingar inntil vidare.
Omtalen i rundskriv 31/2007 frå og med punkt 2 til og med punkt 5 gjeld òg i vidareføringa av rapportering av hendingar.
Anne Merethe Bellamy
Frank Robert Berg
Kontaktpersonar:
Anne Karen Seip, tlf.: 22 93 98 46, e-post: anne.karen.seip@kredittilsynet.no
Atle Dingsør, tlf.: 22 93 99 51, e-post: atle.dingsor@kredittilsynet.no
Einar Lyford, tlf.: 22 93 99 13, e-post: einar.lyford@kredittilsynet.no
Frank Robert Berg, tlf.: 22 93 98 47, e-post: frank.robert.berg@kredittilsynet.no
Stig Ulstein, tlf.: 22 93 99 66, e-post: stig.ulstein@kredittilsynet.no
Åshild Johnsen, tlf.: 22 93 97 02, e-post: ashild.johnsen@kredittilsynet.no