Gå til innhold
Rundskriv, 1/2008
11.01.2008 Skriv ut

Rundskriv frå Kredittilsynet i 2007 og sanerte rundskriv i perioden f.o.m. 1987 t.o.m. 2007

Alle nr. 1 


Utsende rundskriv i 2007

Kredittilsynet sende i 2007 ut 37 rundskriv. Dette rundskrivet inneheld ei oversikt over alle rundskriva som blei sende ut.

Elektronisk abonnement på rundskriv frå Kredittilsynet er tilgjengeleg frå nettsida: www.kredittilsynet.no/abonnement. Abonnementet er gratis, og ein kan avslutte det når ein sjølv ønskjer.


Sanerte rundskriv i perioden f.o.m. 1987 t.o.m. 2007

Dette rundskrivet inneheld òg ei oversikt over alle rundskriv som er sanerte etter at førre sanering blei gjort i rundskriv 8/2001 (6. mars 2001).

Det er tidlegare gjort saneringar av rundskriv utsende av Kredittilsynet i to omgangar. Oversikt over rundskriva som tidlegare er sanerte, finst i desse to rundskriva:

  • 7/1999 (15. mars 1999)
  • 8/2001 (6. mars 2001)

 

 Terje H. Solheim

 Arild Eide Johansen

Kontaktpersonar:
Merete Ulvund, tlf.: 22 93 99 99, e-post: merete.ulvund@kredittilsynet.no
Arild Eide Johansen, tlf.: 22 93 99 94, e-post: arild.eide.johansen@kredittilsynet.no


Vedlegg:
Oversikt over rundskriv frå Kredittilsynet i 2007 (doc)
Oversikt over sanerte rundskriv i perioden f.o.m. 1987 t.o.m. 2007 (doc)

 

[Red. merkn. 4. februar 2008: Rundskriv 25/2007 Rundskriv om pensjonskasser – ikraftsetjing av kapittel 7 i forsikringslova var markert som oppheva i oversikta i over sanerte rundskriv. Dette er feil. Rundskrivet gjeld framleis.]