Presisering av listeføringsplikta i verdipapirhandellova [ERSTATTA AV RUNDSKRIV 9/2009]
Revisjonsselskap nr. 1
Utstedarføretak nr. 1
Kredittilsynet har observert at enkelte utstedarføretak har ein praksis ved listeføring av revisjonsselskap som etter Kredittilsynet si oppfatning ikkje samsvarer med listeføringsplikta i lov om verdipapirhandel § 3-5.
Verdipapirhandellova § 3-5 krev at utstedar av finansielle instrument skal sørgje for at det blir ført ei liste over personar som blir gitt tilgang til innsideinformasjon. Kredittilsynet sine undersøkingar viser at utstedarføretaket gjerne fører opp namnet til revisjonsselskapet på lista, mens det ikkje blir presisert kven av medarbeidarane innad i selskapet som er gitt tilgang til innsideinformasjon.
Kredittilsynet vil gjere merksam på at verdipapirhandellova § 3-5 første ledd andre punkt òg gjeld for revisjonsselskap. Føresegnet seier at dersom ”en person som gis tilgang til innsideinformasjon er en juridisk person, skal listen omfatte dennes ansatte, tillitsvalgte, medhjelpere mv. som gis tilgang til informasjonen.” Kredittilsynet tolker føresegnet slik at kvar enkelt medarbeidar innad i revisjonsselskapet som blir gitt tilgang til innsideinformasjon, skal førast opp på lista til utstedarføretaket. Kredittilsynet legg til grunn at dette minimum må omfatte alle personar som deltek direkte i revisjonen av utstedarføretaket.
For nærmare forklaring av listeføringsplikta, sjå rundskriv 14/2005, pkt. 5, frå Kredittilsynet.
Eirik Bunæs
Geir Holen
Kontaktpersonar:
Geir Holen, tlf. 22 93 98 83, e-post: geir.holen@kredittilsynet.no
Caroline Valmot, tlf. 22 93 98 30, e-post: caroline.valmot@kredittilsynet.no