Gå til innhold
Rundskriv, 26/2007
15.10.2007 Skriv ut

Pilar 2 i nytt kapitaldekningsregelverk – retningslinjer for rapportering til Kredittilsynet for 2008

Forretningsbankar nr. 7
Sparebankar nr. 8
Finansieringsføretak nr. 7
Holdingselskap nr. 6


1. Innleiing

Frå 1. januar 2007 vart nytt kapitaldekningsregelverk innført i Noreg på tilsvarande måte som i andre EU/EØS-land. Det nye regelverket med forskrifter gjeld for kredittinstitusjonar, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond med løyve til å drive aktiv forvaltning. Føremålet er å skape større samsvar mellom risiko og kapitalkrav i institusjonane. Det nye kapitaldekningsregelverket inneheld krav som famnar vidare enn det tidlegare minstekravet til kapitaldekning.

Kapitalkravsforskrifta § 49-2 første ledd opna for å utsetje overgangen til nytt regelverk til 2008. Dette innebar at institusjonen kunne nytte Basel I til å berekne minimums-kapitalkravet i 2007. Samtidig kunne institusjonane bruke 2007 til å førebu seg til å oppfylle krava i Basel II, Pilar 2, det vil seie å etablere ein prosess for å vurdere eigen risikoprofil og tilhøyrande kapitalbehov. Mange mindre og mellomstore institusjonar har nytta overgangsføresegna for 2007.


2. Nytt kapitaldekningsregelverk gjeld alle institusjonar frå og med 1. januar 2008

Frå og med 1. januar 2008 vil det nye kapitaldekningsregelverket gjelde for alle forretningsbankar, sparebankar, finansieringsføretak, holdingselskap, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. Alle institusjonar skal ha ein prosess for å vurdere eigen risikoprofil og tilhøyrande kapitalbehov. Prosessen og resultata av denne prosessen skal dokumenterast skriftleg og sendast frå institusjonen sitt styre til Kredittilsynet for ein evaluering.

Kredittilsynets rundskriv 21/2006 ”Pilar 2 i nytt kapitaldekningsregelverk – retningslinjer for vurdering av risikonivå og beregning av kapitalbehov i institusjonene” omhandlar lovgrunnlag og føremål med Pilar 2 i det nye regelverket. I tillegg inneheld det vedlegg med eksempel på format for institusjonane sin dokumentasjon av risikoprofil og nødvendig kapitalbehov (ICAAP) (vedlegg 1), og eit vedlegg 2 som beskriv retningslinjer for tilsynsprosessen. Rundskrivet er tilgjengeleg på Kredittilsynets nettstad.

Rundskrivet som ligg føre gir nærmare retningslinjer for rapportering frå forretningsbankar, sparebankar, finansieringsføretak og holdingselskap i finanskonsern for 2008 og supplerer rundskriv 21/2006. Eit eige rundskriv med tilsvarande retningslinjer blir sendt til verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond med løyve til å drive aktiv forvaltning.


3. Retningslinjer for rapportering av intern vurdering av risikoprofil og kapitalbehov (ICAAP)

Tidsfrist
For 2008 er fristen 15. mars for innrapportering til Kredittilsynet av intern vurdering av risikoprofil og kapitalbehov (ICAAP).

Fristen for innsending av ICAAP i 2008 gjeld òg for dei institusjonane som sendte inn ein ICAAP for 2007.

Krav til dokumentasjon
Prinsippet om forholdsmessigheit (proporsjonalitet) spelar ei viktig rolle i det nye kapitaldekningsregelverket. Institusjonane bør derfor tilpasse omfanget og innrette vurderinga av risiko og kapitalbehov etter omfang og kompleksitet i aktivitetane til institusjonen. Kredittilsynet vil vere open for bruk av ulike tilnærmingsmåtar for å fylle styresmaktene sine krav og retningslinjer.

Kredittilsynets rundskriv 21/2006 gir retningslinjer for innhold og forslag til korleis dokumentasjonen av risikoprofil og kapitalbehov kan utformast. I utgangspunktet er innhaldet tenkt å vere dekkjande for store og komplekse institusjonar. Emneområda i rundskrivet er imidlertid relevante for alle typar institusjonar. Kredittilsynet vil derfor tilrå at alle institusjonar tek utgangspunkt i retningslinjene i rundskriv 21/2006 med vedlegg, men tilpassar innhald og omfang i forhold til eigen aktivitet og grad av kompleksitet.

 

Sven-Henning Kjelsrud

Per Jostein Brekke

Kontaktpersonar finansinstitusjonar:
Tilsynsrådgivar Erik Lind Iversen
Tlf. 22 93 99 21, e-post: erik.lind.iversen@kredittilsynet.no

Seksjonssjef Per Jostein Brekke
Tlf. 22 93 98 90, e-post: per.jostein.brekke@kredittilsynet.no

Seniorrådgivar Aimée Staude
Tlf. 22 93 97 06, e-post: aimee.staude@kredittilsynet.no