Gå til innhold
Rundskriv, 33/2007
06.12.2007 Skriv ut

Ny forskrift om rapporteringsplikt for føretak som driv inkassoverksemd

Framandinkassoføretak nr. 1
Oppkjøps-/eigeninkassoføretak nr. 1


Det er fastsett ny forskrift om rapporteringsplikt for føretak som driv inkassoverksemd i medhald av inkassolova § 5. Første rapportering i medhald av den nye forskrifta er andre halvår 2007, der rapporteringstidspunktet på ordinær måte er 31. desember. Når det gjeld frist for innsending, viser vi til den vedlagde forskrifta.

 

Elektronisk innlevering via Altinn (www.altinn.no)

Formålet med den nye forskrifta er å leggje til rette for rapportering i elektronisk form via Altinn. Ein av fordelane med elektronisk innsending er at felta i skjemaet blir endra ut frå dei svara som blir gitt under utfyllinga. Dersom svaret på eit spørsmål medfører at neste spørsmål ikkje er relevant, blir neste felt gjort grått og dermed utilgjengeleg. Ein annan fordel er at det blir utført automatiske summeringar, og før skjemaet kan sendast inn, blir det kontrollert at alle obligatoriske felt er utfylte. Nokre av felta har hjelpetekstar som kjem fram når ein klikkar på spørsmålsteikn ved sida av aktuelle felt.

Innlogging på www.altinn.no kan mellom anna gjerast med fødselsnummer og eingongskodar frå siste sjølvmelding eller skattekort. Dersom du tidlegare har registrert mobiltelefonnummer i Altinn, kan du òg velje å få tilsendt eingongskode via SMS. Etter innlogging står namnet på den som er innlogga, i feltet øvst på sida.

Kva roller ein er tildelt for eit selskap i Altinn, er avhengig av kva roller ein er oppført med i Einingsregisteret for det aktuelle selskapet. Rollene definerer tilgang og rettar i Altinn og kan delegerast til andre.

Ved å klikke på feltet ”Rapporterer for”, eller på teksten ”Sjå alle” ved sida av feltet, får ein opp ei liste over dei føretaka ein har roller i. Ved å klikke på det føretaket ein vil rapportere for, kjem ein til hovudsida til føretaket. Herfrå kan ein starte utfyllinga av nytt skjema. Ulike personar med roller i det aktuelle føretaket har tilgang til dei same skjemaa via hovudsida til føretaket. Dermed kan fleire bidra i utfyllinga, men det er ikkje mogleg for fleire personar å jobbe i same skjemaet samtidig.

Altinn brukarservice på telefon 75 00 60 00 eller på e-post support@altinn.no svarer på spørsmål i samband med delegering av roller, problem med å finne rett skjema, feilmeldingar, innsending og utskrift av skjemaet og liknande.

Kredittilsynet oppfordrar føretak til å rapportere i elektronisk form. Skjemaet vil vere tilgjengeleg for utfylling på hovudsida til føretaket i Altinn éin månad før rapporteringsfristen. Føretak som framleis føretrekkjer å rapportere på papir, må ta kontakt med Kredittilsynet for å få tilsendt rapporteringsskjema.

 

Nytt rapporteringsskjema


Det er gjort nokre endringar i rapporteringsskjemaet. Endringane er dels gjorde som følgje av vesentlege endringar i rekneskapslova, særleg tosporsmetoden, som gjer at både systemet i IFRS-forordninga (International Financial Reporting System) og det ordinære systemet i rekneskapslova kan brukast. På grunnlag av dei erfaringane Kredittilsynet har gjort både med stadleg og dokumentbasert tilsyn, er det innarbeidd nokre spørsmål om kva rutinar inkassator har for mottak og behandling av tiltrudde midlar. Det er òg innarbeidd nokre nye felt for opplysningar om inkassoverksemda, mellom anna skilje mellom hovudstol og annan kravmasse som er til inndriving, og opplysningar om kva som er innkassert av midlar i form av hovudstol, forseinkingsrenter, utanomrettslege og rettslege omkostningar og meirverdiavgift.

 

Rettidig innsending av rapporteringsoppgåve


Bakgrunnen for dei fastsette innsendingsfristane er at Kredittilsynet snarast råd etter at rekneskap og andre opplysningar ligg føre, skal kunne følgje opp forhold som krev at Kredittilsynet grip inn. Det er viktig å halde den fastsette fristen. Kredittilsynet minner i samband med dette om rundskriv 05/2001 (”Reaksjon ved gjentatt oversittelse av frist for oppgaveinnsendelse”), som er å finne på nettstaden til Kredittilsynet, www.kredittilsynet.no, under ”Inkasso” og deretter ”Rundskriv”.

Oppgåva blir ikkje akseptert som innsend før fristen viss ho ikkje er fullstendig utfylt. Vi gjer merksam på at forskrifta ikkje gir rom for å få utsetjing med fristen.

Dette rundskrivet avløyser Kredittilsynets rundskriv 20/2005, ”Forskrift om rapportering – rapporteringsskjema for føretak som driv inkassoverksemd”.

 

 

Eirik Bunæs

Wilhelm Mohn Grøstad

 

Vedlegg:

Forskrift om rapporteringsplikt for føretak som driv inkassoverksemd (pdf)

 

Kontaktperson:

Stein Tore Næprud, tlf. 22 93 98 07, e-post: stein.tore.naeprud@kredittilsynet.no