Gå til innhold
Pressemelding, 39/2011
12.10.2011 Skriv ut

Sterk vekst i omsetninga av eigedom i første halvår 2011

Tal frå eigedomsmeklingsføretaka for første halvår 2011 viser at både talet på formidlingar, vederlag og formidla verdi aukar samanlikna med første halvår 2010. Tala baserer seg på rapportar frå 554 føretak.

Tal på formidlingar

Til saman blei det i første halvår 2011 formidla 71 041 eigedommar gjennom eigedomsmeklingsføretaka, mot 61 426 formidlingar første halvår 2010. Dette inneber ein auke på 15,7 prosent. Av det totale talet formidlingar, utgjorde bustadeigedom 68 828 formidlingar, og av dette var 3 512 utleigeformidlingar.

Formidla verdi

Formidla verdi utgjorde om lag 172 milliardar kroner i første halvår 2011, mot om lag 138 milliardar kroner i første halvår 2010, det vil seie ein auke på 24,6 prosent. Av total formidla verdi utgjer bustadeigedom om lag 153 milliardar kroner, og av dette utgjer 496 millionar kroner utleigeformidlingar.

Meklarvederlaget

Det totale vederlaget til eigedomsmeklingsføretaka viser òg ein auke samanlikna med 2010. Mens eigedomsmeklingsføretaka første halvår 2010 oppnådde eit totalt vederlag på om lag 2,7 milliardar kroner, auka dette til 3,3 milliardar kroner første halvår 2011, det vil seie ein auke på 22 prosent, som er noko lågare vekst enn veksten i formidla verdi.

Økonomien til føretaka

Rekneskapstala for første halvår 2011 viser ein betra økonomisk situasjon samanlikna med første halvår 2010. Av dei totalt 554 føretaka som hadde rapporteringsplikt per 30. juni 2011, var det 11 føretak som rapporterte negativ eigenkapital, mot 14 føretak som hadde negativ eigenkapital på same tidspunkt i 2010. Mens 24 prosent av føretaka fekk negativt driftsresultat i første halvår 2010, var dette talet redusert til 18 prosent i første halvår 2011.

Vedlegg:
Omsetning av eigedommar fordelt på fylke (pdf)

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Wilhelm Mohn Grøstad, tlf. 916 11 83
Seniorrådgivar Geir Haatveit, tlf. 22 93 98 03
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kommunikasjonsdirektør Kjetil Karsrud, tlf. (a) 22 93 99 34, mobiltlf. 906 57 621
Senior kommunikasjonsrådgivar Jo Singstad, tlf. (a) 22 93 99 99, mobiltlf. 950 39 521