Talet på innkomne så vel som avslutta inkassosaker i første halvår 2009 syner ein oppgang samanlikna med utgangen av første halvår 2008. Talet på inkassosaker under behandling i inkassoselskapa ved utgangen av første halvår 2009 syner òg oppgang i forhold til utgangen av første halvår 2008.
Den samla gjelda til inndriving i inkassoføretaka ved utgangen av første halvår 2009 auka i forhold til utgangen av første halvår 2008. Også innbetalte beløp til inkassoføretaka i løpet av første halvår 2009 auka samanlikna med utgangen av første halvår 2008. Inkassoføretaka sine inntekter relaterte til inkassoverksemnda i første halvår 2009 syner oppgang samanlikna med første halvår 2008. Det var 121 inkassoselskap under tilsyn ved utgangen av første halvår 2009. Fem av desse driv oppkjøp av forfalne pengekrav for sjølve å drive inn desse (oppkjøpsinkasso).
Oppgang i talet på innkomne og avslutta inkassosaker
Inkassoføretaka mottok 2 759 000 nye saker til behandling i løpet av første halvår 2009. Dette er ein oppgang på 531 000 saker eller 23,8 prosent samanlikna med første halvår 2008. Det er ikkje tidlegare innrapportert eit så betydeleg tal på nye inkassosaker hos inkassoselskapa som i løpet av første halvår 2009.
Innrapporterte tal syner vidare at det blei avslutta 2 603 000 saker i løpet av første halvår 2009. Samanlikna med første halvår 2008 representerer dette ein oppgang på 428 000 saker som tilsvarar 19,7 prosent. Det er ikkje tidlegare rapportert inn eit så betydeleg tal på avslutta inkassosaker hos inkassoselskapa som i løpet av første halvår 2009. Av det samla talet på inkassosaker som blei avslutta i løpet av første halvår 2009, var det 740 000 som blei avslutta før utsending av betalingsoppfordring.
Ved utgangen av første halvår 2009 hadde inkassoselskapa 3 239 000 saker under utføring, ein auke på 11,7 prosent samanlikna med utgangen av første halvår 2008. Det er ikkje tidlegare registrert eit slikt volum av inkassosaker under behandling i inkassoselskapa ved utgangen av eit halvår.
Av sakene som var under behandling i inkassoselskapa ved utgangen av første halvår 2009, var det for 285 000 ennå ikkje sendt ut betalingsoppfordring. For 1 644 000 av sakene var det sendt betalingsoppfordring, men sakene var ikkje eldre enn 18 månader frå registrering hos inkassoselskapa. Resten av sakene under utføring ved utgangen av første halvår 2009, 1 310 000, var eldre enn 18 månader sidan sakene var blitt registrerte hos inkassoføretaka.
Gjelda som inkassoselskapa har til inndriving aukar
Inkassosaker under behandling ved utgangen av første halvår 2009 representerte misleghaldne forpliktingar på 58,7 milliarder kroner. Tilsvarande tal ved utgangen av første halvår 2008 var på 49,2 milliardar kroner, noko som representerer ein oppgang på 19,2 prosent på eitt år. Det er ikkje tidlegare registrert misleghaldne forpliktingar av ein slik storleik til inndriving i inkassoselskapa ved utgangen av eit halvår.
Samla hovudkrav (hovudstol) knytt til sakene som var under behandling i inkassoføretaka ved utgangen av første halvår 2009 var på 37,2 milliardar kroner. Av dette beløpet var 17,2 milliardar kroner knytte til saker registrerte hos inkassoselskapa i løpet av dei siste 18 månadene. Vidare var 18,3 milliardar kroner knytte til saker registrerte hos inkassoselskapa lengre tilbake enn for 18 månader sidan.
Markert oppgang i innbetalte beløp til inkassoselskapa
Inkassoføretaka innkasserte 10,1 milliardar kroner i løpet av første halvår 2009. Dette er ein oppgang på 18,9 prosent samanlikna med første halvår 2008. Det er ikkje tidlegare registrert innkasserte middel av ein slik storleik i inkassoselskapa i løpet av eit halvår.
Av det innkasserte beløpet på 10,1 milliardar kroner, utgjer opprinneleg hovudkrav (hovudstol) 8,3 milliardar kroner, medan utanomrettslege omkostningar og forseinkingsrenter utgjer respektive 1 milliard kroner og 522 millionar kroner.
Oppgang i inkassoinntektene og reduksjon i talet på inkassoselskap med ulønnsom drift
Inkassoføretaka sine inkassoinntekter var på 1,15 milliard kroner i løpet av første halvår 2009. Ved utgangen av første halvår 2008 var inkassoinntektene på 1 milliard kroner. Inkassoinntektene syner såleis ein oppgang på 14,4 prosent samanlikna med utgangen av første halvår 2008.
Innrapporterte tal syner at det ved utgangen av første halvår 2009 var 19 inkassoføretak som hadde negativt driftsresultat. Ved utgangen av første og andre halvår 2008 var det respektive 16 og 30 inkassoføretak som hadde negativt driftsresultat.
Oppkjøp av forfalne pengekrav for sjølv å drive inn desse (oppkjøpsinkasso)
Av dei fem selskapa som ved utgangen av første halvår 2009 hadde løyve til å kjøpe opp forfalne pengekrav for sjølve å drive inn desse, var det berre eitt av desse som innrapporterte verksemd av noko omfang. Innrapporterte tal syner at selskapa ved utgangen av første halvår 2009 hadde 26 285 saker under behandling, og desse sakene representerte misleghaldne forpliktingar på 1,53 milliardar kroner. Selskapa innkasserte 20,0 millionar kroner i løpet av første halvår 2009.
Kredittilsynet presiserer at dei presenterte tala ikkje syner samla tal for kva som er til inndriving i Noreg. Inndriving av eigne krav (eigeninkasso), krav som blir drivne inn av Statens innkrevjingssentral og inkassoverksemd i regi av advokatar er ikkje med i talmaterialet. Oppkjøpte pengekrav som blir drivne inn av føretak som etter søknad har rett til å drive finansieringsverksemd etter lova om finansieringsverksemd er heller ikkje med i talmaterialet. Slike føretak kan drive oppkjøp av forfalne pengekrav og eiga inndriving av desse utan inkassoløyve, og er ikkje underlagd rapporteringsplikt etter inkassolova.
Kredittilsynet gjer merksam på at innrapporterte tal ikkje er tilgjengelege på fylkesnivå, etter som tala ikkje er relaterte til geografiske område i forhold til skyldnar, men berre relaterer seg til området der inkassoselskapet driv verksemd.
Vedlegg:
Utdrag av talmaterialet, innrapportert frå selskap som har løyve til å drive inn forfalne pengekrav på vegner av andre (framandinkasso), som dannar grunnlaget for pressemeldinga. (PDF)
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Wilhelm Mohn Grøstad, tlf. 22 93 98 02
Seniorrådgivar Stein Tore Næprud, tlf. 22 93 98 07
--------------------------------------------------------------------
Kontaktpersonar i kommunikasjonseininga:
Kommunikasjonssjef Kjetil Karsrud, tlf. 22 93 99 34, mobiltlf. 906 57 621
Senior kommunikasjonsrådgivar Arild Eide Johansen, tlf. 22 93 99 94, mobiltlf. 971 52 011