Færre formidlingar i eigedomsmekling første halvår 2009
Tal frå eigedomsmeklingsføretaka for første halvår 2009 viser tilbakegang i både samla vederlag, talet på formidlingar og formidla verdi i forhold til første halvår 2008.
Det samla talet på formidlingar gjennom eigedomsmeklingsføretaka første halvår 2009 var 55 592. Dette er ein nedgang på om lag 7,5 prosent i forhold til tal frå fjoråret, som tilsvarer 4 529 eigedommar.
Det gjennomsnittlege meklarvederlaget er nesten uendra frå første halvår 2008 til første halvår 2009. Medan gjennomsnittleg vederlag ved sal av boligeigedom første halvår 2008 låg på 34 985 kr, viser tala for første halvår 2009 ein auke på om lag 3,9 prosent til 36 347 kr. I forhold til formidla verdi er dette ein liten auke frå 1,70 prosent til 1,78 prosent. Gjennomsnittleg formidla verdi er gått marginalt ned frå 2 062 576 kr til 2 039 290 kr.
Det samla vederlaget viser likevel ein nedgang på 11,22 prosent, noko som synest å ha samanheng med nedgangen i talet på omsetningar.
Samla formidla verdi sank frå 137 056 716 362 kr første halvår 2008 til 112 509 610 511 kr første halvår 2009, ein nedgang på 17,9 prosent.
Sjå vedlagde oversikt for detaljerte tal med fordeling mellom fylke, og fordeling på bustad, næring, sal og utleige.
Økonomien til føretaka
Sidan hausten 2008 har mange eigedomsmeklingsføretak blitt lagde ned. Hausten 2008 var det 689 føretak med løyve til å drive eigedomsmekling. I dag er talet 565.
Totalt fekk 29,6 prosent av føretaka negativt driftsresultat første halvår 2009, mot 47 prosent i første halvår i 2008.
Kredittilsynet har hatt ei tett oppfølging av eigedomsmeklingsføretaka i løpet av det siste året, med mellom anna framskunda rapportering av rekneskapstal per 31. desember 2008.
Vedlegg:
Omsetningar første halvår (pdf)
Detaljert oversikt på fylkesnivå (xls)
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Wilhelm Mohn Grøstad, tlf. 22 93 98 02
Rådgivar Geir Haatveit, tlf. 22 93 98 03
--------------------------------------------------------------------
Kontaktpersonar i kommunikasjonseininga:
Kommunikasjonssjef Kjetil Karsrud, tlf. 22 93 99 34, mobiltlf. 906 57 621
Senior kommunikasjonsrådgivar Arild Eide Johansen, tlf. 22 93 99 94, mobiltlf. 971 52 011