Rapporteringa for 2007 for eigedomsmeklingsføretak, bustadbyggjelag og advokatar som har stilt sikkerheit til å drive eigedomsmekling viser ein nedgang i talet på formidla eigedommar i 2007 samanlikna med 2006.
I 2007 blei det totalt formidla 143 325 eigedommar. Dette er ein nedgang på 1 358 eigedommar frå 2006. Også det totale vederlaget for eigedomsmeklingsføretak, bustadbyggjelag og advokatar med sikkerheit til å drive eigedomsmekling viser ein nedgang, frå om lag 5,68 milliardar kroner i 2006 mot om lag 5,38 milliardar kroner i 2007. Total formidla verdi viser likevel ein auke frå 323 milliardar kroner i 2006 til om lag 360 milliardar kroner i 2007.
Næringseigedom utgjer om lag 3,7 prosent av talet på eigedommar som er formidla gjennom eigedomsmeklingsføretaka, men utgjer om lag 27 prosent av verdien av dei formidla eigedommane.
Bustadeigedommar
For bustadeigedommar formidla gjennom eigedomsmeklingsføretak og bustadbyggjelag med løyve til å drive eigedomsmekling var nedgangen i formidla bustadeigedommar på 3,1 prosent. Tala viser òg nedgang i det totale vederlaget til eigedomsmeklarane, mens formidla verdi av eigedommane viser ein auke.
Detaljerte tal finst i den vedlagde oversikta.
Færre nye føretak
I første halvår (1. januar – 30. juni) 2007 var det ein nettotilvekst på 19 konsesjonar til å drive eigedomsmekling. Hittil i 2008 har det vore ein netto nedgang på 13 konsesjonar.
Økonomi
Dei innrapporterte rekneskapstala frå eigedomsmeklingsføretaka viser at fleire føretak gjekk med driftsunderskot i 2007 enn i 2006. I 2007 hadde 41 prosent av føretaka negativt driftsresultat, ein auke på 8 prosentpoeng fra 2006. Av meklarføretaka var det 90 føretak, eller 8,1 prosent, som rapporterte negativ eigenkapital per 31. desember 2007. Tilsvarande tal for 2006 var 48 føretak, eller 6,9 prosent.
Vedlegg:
Hovudtal for 2007 (pdf)
Hovudtal for 2007 (xls)
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Wilhelm Mohn Grøstad, tlf. 22 93 98 02
Rådgivar Geir Haatveit, tlf. 22 93 98 03
Kontaktpersonar i kommunikasjonseininga:
Fung. kommunikasjonssjef Terje H. Solheim, tlf. 22 93 99 34, mobiltlf. 971 58 803
Senior kommunikasjonsrådgivar Arild Eide Johansen, tlf. 22 93 99 94, mobiltlf. 971 52 011